Fugleperspektivbilete av Sandsahytta i flott norsk natur.
Sandsa © Stavanger Turistforening. Foto: Ukjent fotograf.
Fugleperspektivbilete av villmarksleik på Sandsa sumaren 2018.
Sandsa © Stavanger Turistforening. Foto: Arvid Berentsen.

Sandsa Turisthytte

Sandsahytta ligg flott til i eit tradisjonelt stølslandskap. Rundt det store regulerte Sandsavatnet ligg det også andre stølar som Haugastøl, Tjøsheim-Sandsa, Stråpa-Sandsa og Longanes. Nord for Sandsahytta er det bratte fjellveggar og i sør-aust ser ein Svultanuten, lenger borte ser ein Napen.

Hytta er lett tilgjengeleg for barnefamiliar, og i dei mest populære vekene om sommaren er det eit tilbod at hytteverten kan transportere deg med båt over Sandsavatnet. Sjekk med Tursenteret kva veker dette tilbodet gjeld, og bestill båt minst ei veke føre.

Hytta har 44 senger fordelt på 12 soverom så det er god plass. Det er stor spisestove og peisstove og romsleg gang. Hytta har også ein stor og romsleg terrasse med utsikt over Sandsavatnet.

Sandsahytta er ubetjent og tilgjengeleg heile året, men det vert ikkje anbefala å bruke hytta på vinteren då Sandsavatnet er sterkt regulert og farleg å ferdast på. Det er ikkje straum på hytta, men gass, vedfyring og stearinlys. Gjestene ordnar seg sjølve med matlaging og utvask. Det er ikkje proviantlager på denne hytta. Betaling for opphald gjer du ved å fylle ut betalingsfullmakt som ligg på hytta, eller ved å laste ned DNT-appen før avreise. Hytta er open for DNT medlem, og ikkje-medlem.

Brukar du Sandsahytta som ein base er det fine turar å gå topp turar til Napen ( 1350 moh.), Reinsnuten ( 1144 moh.) og Svinstølnuten (1178 moh.). Som medlem i STF har du rett til oter- og stangfiske i Sandsavatnet i området. Andre må løyse fiskekort.

Fakta om turen:

Avstand: 5,4 km

Tid: 2 timar – ein veg.

Gradering: middels ( blå)

Høgste punkt: 730 moh.

Tilkomst: Blåsjøvegen ved Osane, austre del av Sandsavatnet Det er også mogleg å gå til Sandsahytta frå Osen ved Sandsavatnet og Kvilldal.

Sandsa Turisthytte
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);