Bilde av mann ned fjellside på ski
Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng
Bilde av mann ned fjellside på ski
Skattkammeret Suldal. Foto: Espen E. Søreng

Frikøyring i Suldalsheiane

Suldal, med sine høge fjelltoppar og store naturområde, tilbyr fantastiske opplevingar også utanfor skispora for den erfarne frikøyraren. Her deler Suldølene Mads Drange og Espen E. Søreng sine beste tips til flotte vinteropplevingar på ski.

Breiastøldalen/Ørekvam

Ikkje alle toppturar treng vere så lange, og nokon kan også byrja med ein nedtur - som skogsområdet mellom Breiastølsdalen og Ørekvam. I ly for vinden finn du stort sett upåverka snø, og den slake bjørkeskogen byr på eitpar-hundre høgdemeter med flott skikøyring! Følg langrennsløypa om lag 1,5 kilometer inn frå parkeringsplassen på Gullingen skisenter. Før du kjem til Heiabekken slepp du deg ned liane mot den nedlagte garden på sørsida av vegen. Så er det på med feller og opp igjen – her rekk du fleire turar på ein dag! Tar du med hovudlykt er dette ein fin kveldstur også.

Foto: Espen E. Søreng

Vintraleå

Fjella på «Vintraleå» er det få som nyttar seg av vinterstid – på tross av namnet som vitnar om gunstige klimatiske forhold for skikøyring. Dei ligg på vestsida av Sandsfjorden, er godt synlege frå Sand, og byr på både bratte og ikkje fullt så bratte fjellsider.Storurdsnuten er ein flott topptur som passar godt for nybyrjarar, kor ein ikkje treng bevega seg inn i bratt terreng. Nuten er 885 meter høg, og frå Tysseland bruker du eitpar timar opp. På bildet er Petter Nilsen på veg opp dei siste høgdemetrane med Sellandsnuten i bakgrunnen.

Espen E. Søreng

Krokavassnuten

Krokavassnuten er ein av dei finaste cruisetoppane i Suldal! Nuten på 955 moh ligg på sørvestsida av Tysselandsdalen og du ser han tydeleg frå Sand, like opp av eit markert gjel. Frå toppen svingar du deg nedover mot Sandsfjorden med sola i fjeset og vinden i ryggen. Du når toppen enklast via Tysselandsstølen og du køyrer meir eller mindre ned den vegen du går opp. Vil du ha god snø heile vegen ned kan det vera lurt å vere tidleg ute, for no på vårparten står fjellsida ofte bada i sol heile dagen. Av same grunn er det ikkje ein tur du kan ta i mai.

Reinsnuten

Er du på jakt etter kortreist, teknisk, og bratt skikøyring er toppen av Reinsnuten eit godt alternativ. Det er ikkje så mange høgdemeter, men på den andre sida rekk du mange turar på ein dag! Ned i Bergjordholet frå vestsida av toppen, ned den bratte sida mot myrane oppfor litle Heiavatnet, eller ned sommarstien frå toppen. Er det isete og hardt, kan det vere greitt med stegjern opp den siste kneika. På veg attende kan du traversera innunder Bøljanuten og få med deg rundt 300 høgdemeter jamn bratt køyring ned mot Stavastølen.

NB: Dei brattaste sidene er potensielt skedterreng som er tryggast å køyra på vårsnø. Det finnes også slake alternativ nesten til topps, og fin cruisekøyring kor ein aldri køyrer brattare enn 30 grader.

Espen E. Søreng

Snønuten

Snønuten er med sine 1606 moh ein av dei høgaste nutane i Rogaland, og kanskje den mest kjende. Nuten som ruvar over Dyraheio er noko av det beste Suldal kan by på når det gjeld vårskiturar.

Espen E. Søreng

Mælen

«Her må koma ei tid, då kver som på nokon måte kan, dreg til fjells, då sjuklingen reiser hit i staden for til desse bad, og då bleksottige bydamer, desse cultur-krøkjer, fara herup for at venja seg til at vera folk». Dette skreiv A.O Vinje i 1862, og han hadde sjølvsagt heilt rett i det.

Og det er ikkje berre kulturkrøkkjer og bleiksottige bydamer som har godt av å komma seg til fjells. Her er til dømes Aslak Moe, underteikna og fotografen på veg ned frå dronninga av Suldalsnutane, Mælen, med Suldalsvatnet i bakgrunnen. Å klyva opp Mælen frå sørsida er ein strabasiøs tur, men ein får til gjengjeld noko av den finaste skikøyringa Suldal har å by på i retur. Dette er ein tur som passar best på vårsnø, og ein kan velja mellom krevjande brattkøyring ned mot Kvanndalsdammen eller slakare cruising ned mot Skithaug som vi valde denne gongen. Treng du å komma deg til fjells for å venda deg til å vera folk, byggja karakter eller berre hygga deg er Mælen eit fin alternativ.

Espen E. Søreng

Andre populære turar, avhengig av erfaring og verforhold:

- Monsaskukken

- Hellersnuten

- Bøljanuten

- Storurdnuten

- Hegerlandsnuten

Frikøyring berre er anbefalt for den erfarne skikøyrar, og me minnar om viktigheita av å setje seg inn i vermelding og lokale forhald før ein legg ut på tur. Les meir på varsom.no. Har ein ikkje erfaring frå tidlegare er det også mogleg med guida turar med erfarne skikørarar. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Turbeskrivingar: Mads Drange

Frikøyring i Suldalsheiane
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.
No items found.

Bli inspirert

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Skattar

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.
console.log(false);