Legekontoret i Suldal ligg i kommunesenteret Sand. Kontoret kan kontaktast i opningstida på 52792300.
Du finn også Boots Apotek i kommunesenteret. I grendene har du ofte eit mindre utval av apotekvarer tilgjengeleg.
Lensmannskontoret ligg på Sand, og held ope utvalde dagar i veka. Du når dei på telefon 52 78 98 98.
For legevakt kontaktar du 116 117. For akutt hjelp kontaktar du 113.
Det er sett ut hjartestartarar over heile kommunen. Oversikt over hjartestartaren nærast deg finn du på 113.no/hjertestarter.
Har du lasta ned "Hjelp 113"-appen på mobilen din? Det kan vera ein god måte å førebu seg på om ulukka skulle skje. Med appen kan du enkelt kontakte naudetatane, samtidig som dei vil få informasjon om nøyaktig kvar du er når du kontaktar dei.
Suldal gjennomfører regelmessige risikoanalysar for reisemålet for å sikre at potensielle farar er identifisert, og at tiltak er gjort for å minimere dette. Å sikre trygge og gode opplevingar på reisemålet er likevel også i stor grad opp til deg som gjest. Å gjera seg kjend med denne risikoanalysen kan difor vera nyttig. Analysen kan du lese her.