Mann som luktar på kantarellar som han har i handa
Kantarelltur © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Korleis kan du bidra?

Menneske og natur har alltid levd tett på kvarandre i Suldal. Me har hatt dyra våre på beite i heia, me har fiska i elv, vatn og fjordar. Me har sanka av det naturen har å by på. I dag skapar me verdiar naturen og eldsjelene våre. Suldalsløftet er ein dedikasjon til korleis me ønskjer å leva og bu i Suldal. Ved å følgje desse råda er også du som besøkjande med på å bidra til at Skattkammeret Suldal er ein god stad å vera i dag og i framtida.

Me handlar lokalt.

Me ønskjer å ha aktive grender med rikt næringsliv, organisasjonsliv og kulturliv, både i dag og i framtida. Me støttar opp om bedriftene våre og handlar lokalt.

  • Treng du utstyr til fjellturen eller mat til ei helg på hytta? I kommunesenteret Sand finn du er rekke flotte lokale nisjebutikkar og i grendene våre finn du alltid ein nærbutikk. Ved å støtte lokalbutikken er du med på å sikre arbeidsplassar og liv i grendene i dag og i framtida.
  • Få med deg våre lokale arrangement og aktivitetar. I arrangementkalenderen under "Kva skjer?" finn du informasjon om det som det som skjer den veka du kjem på besøk.
  • På leit etter lokalmat? Fleire av våre gardar sel ulike produkt som honning, eplesaft, pølser og kjøt. Oversikt over gode utsalsplasser i Suldal finn du under "Bli inspirert".

Me tek miljøbevisste val.

Me ønskjer at dei som kjem etter oss skal kunne oppleve like rik natur som oss. Me lever difor i samspel med fjordar, fjell og landskap og tar miljøbevisste val.

  • Ein kan ta seg til Suldal med både buss og båt. Ruteinformasjon finn du på kolumbus.no.
  • Sjå etter miljøsertifiserte verksemder. Me er stolte av at fleire og fleire verksemder i Suldal arbeider strategisk med berekraft.
  • I kommunesenteret Sand finn du ein eigen miljøstasjon der du kan levere ulikt avfall.
  • Utforsk grendene våre på sykkel eller til beins. Ved Suldal turistinformasjon og på visitsuldal.no under "Vandring" finn du kart for alle grender. Fleire stader i kommunen har du moglegheit til å leige elsykkel.

Me vernar om kultur og miljø.

Me ønskjer at alle skal ha gode dagar i Suldal. Me vernar om tradisjonane våre og den rike kulturarven vår, og legg grunnlag for nye idear og tankar.

  • Besøk våre flotte museumsanlegg for å læra meir om den rike historia og tradisjonane i Suldal. Ved Nesasjøhuset kan du også finne eit utval av bøker om Suldal og regionen generelt.
  • Legg turen innom kulturhuset på Sand for eit innblikk i det aktive kulturlivet i Suldal. Her kan du vera med konsert med distriksmusikarane våre, få med deg unge talent og sjå ulike utstillingar frå lokale og regionale kunstarar.
  • La kulturminna (vardar, brudled, m.m.) i grendene og heiane må få stå i fred, slik at framtidige generasjonar kan få oppleve dei.

Me ferdast ansvarleg i naturen.

Me ønskjer at alle skal kunne oppleva og bruka naturen i Suldal, samtidig som ein er varsam med sitt eige fotavtrykk. Me lyttar difor til råd, reguleringar og føringar for ansvarleg ferdsel.

  • Sikre at du er oppdatert på føringar for sikker ferdsel før du går ut i naturen. Me ønskjer at alle skal ha glede av den flotte naturen i Suldal, samtidig som at det er viktig at me held oss til stien, tek med oss avfall og overheld bandtvangen. Hugs at det gjerne er eigne reglar for verneområda!
  • Les deg opp på reglar for å fyre bål, og held deg til etablerte bålplassar.
  • Var varsam før du legg ut på elv eller vatn, vinter som sommar. Som ein av dei store vasskraftkommunane i Suldal er fleire av våre elver og vatn regulerte, og vasstand kan endre seg raskt. Informasjon om endringar blir annonsert av Suldal kommune og Statkraft.
  • Respekter privat eigedom og mark. Telt minimum 150 meter frå næraste hus eller hytte, og sikre at du lukkar grindar og tek omsyn til dyra når du går gjennom beiteområde.
  • På våre mektige fjell og vidder kan véret snu raskt! Sørg for å lese deg opp på dei lokale verforholda og pass på at du er førebudd før du legg ut på langtur.
  • Sørg for at du er oppdatert på føringar for fiske og jakt, og andre restriksjonar for å verne om dyrelivet vårt. Ta gjerne med deg ein guide første gong du skal på laksefiske eller jakt. I Suldal har me mange eldsjeler som kan gi deg ei innføring i lokale reglar og normer - og ofte aukar ein også sjansen for å få med seg noko heim!

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.