Mange menneske som går nedover ei gate
Ryfylkedagane © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Ryfylkedagane - den første miljøsertifiserte festivalen i Ryfylke!

Ryfylkedagane er ein folkefest i kommunesenteret Sand i Suldal. I 2019 blei Ryfylkedagane sertifisert Miljøfyrtårn, som ein av dei første festivalane i Rogaland og den første i Ryfylke.

Kvart år trekk festivalen tusenvis av gjester frå heile regionen med over 80 utstillarar, konsertar, ungdomsarrangement, andeslepp, fellesturar og ei rekke andre kjekke aktivitetar for heile familien. Festivalen blir arrangert første helga i juni kvart år.

Som ein del av Miljøfyrtårn-sertifiseringa dette arbeider festivalleiinga strategisk og målretta med å sikre minimalt fotavtrykk og berekraftig drift. Her målar dei mellom anna avfall, utslepp og meir etter standard for ordninga.

Ein kan lese meir om festivalen på ryfylkedagane.no.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.