Ryfylke kunstlag har gleda av å presentera Børge Lund kjent for teikneserien «Lunch», som ein av kunstnarane våren 2025.
Ryfylke kunstlag har gleda av å presentera Børge Lund kjent for teikneserien «Lunch», som ein av kunstnarane våren 2025. Teikneserien inneheld humoristiske iaktakingar av arbeidslivet, med alle sine ritual og absurde situasjonar anten det er budsjettmøte, endelause personalmøte, forhandlingar, eller andre typiske kontorsituasjonar. "Lunch" blir publisert i 130 aviser og publikasjonar i ulike land. Teikneserien har blitt ein folkekjær klassikar, og har gjennom åra fått fleire populære karakterar, som møteplagaren Kjell, den hardt prøvde mellomleiaren Thorsen, den Apple-fanatiske Nico, og den framoverlente, men udugelege sjefen Birger. Fortsett er det ingen som veit kva dei jobbar med i Lunch-firmaet! Velkommen på utstilling der det blir loddsal og boksignering. Børge Lund kjem og!