Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Frå fjord til fjell

Fjordgrendene i Suldal byr på eit variert turnettverk rett frå båthamna.

Erfjord

Frå båthamna kan du gå Erøy rundt. Følg den asfalterte vegen til Tednes og vidare på grusvegen inn på eit jorde. Her går stien opp i åsen før du kjem ned att på ny grusveg med flott utsikt over fjordgrenda. Følg vegen tilbake til båthamna. Turen tek ca. 2 timar.

Jelsa

Dagsturhytta på Kvilehaugen startar frå Jelsa skule - eit steinkast frå båthamna. Turen er godt eigna for småbarn og tek 30 minutt. Turen kan forlengast med å fortsetje langs stien opp til Junkervarden med fantastisk fjrodutsikt. Denne tek ca. 3 timar.

Barkåsen kan også nåast frå Dagsturhytta, men følg skiltinga ned mot bilvegen att og kryss denne for å kome til stien til Barkåsen. Turen tek ca. 2 timar.

Vatlandsvågen

Den kulturhistoriske løypa rundt Grytevatnet er ein flott tur og fin å nå frå båthamna. Turen tek ca. 2 timar og passar både den naturinteresserte og den kulturhinteresserte.

Marvik

Rundtur i marvik tek ca. 2 timar og startar ved båthamn og tek deg innom blant anna Marvik kapell.

Sand

Rundtur over Høse bru og mot Gardaneset er perfekt for den som ynskjer å rusle. Turen tek 1 time og går langs Suldalslågen, men for den som ynskjer å gå litt lenger kan ein følge stien langs lågen rundt Gardaneset heilt opp til Sandsbygda. Turen tek ca. 1,5 timar.

Fiskebergåsen og Fiskeberget kan nåast frå Høse bru og gir flott utsikt over strandstaden Sand. Turen tek ca. 2 timar.

Hylen

Turen til Ørå er kort og bratt, og tek 30 min - 1 time. Denne gåast rett frå fjorden.

Gratis turkart for kvar grend finn du her.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.