Frå:
13/3/2024
5:30 pm
Sand
Til:
13/3/2024
8:30 pm
Plakat

Filmundring: Vertshuset The Old Oak

Inviterer me ukjende til middagsbordet? Velkommen til ein ny Filmundring, med filmen Vertshuset The Old Oak som er bakteppe.

Er me gode nok på integrering? Bidreg me til eit varmare samfunn der fellesskapen står i sentrum? Inviterer me ukjende til vårt eige middagsbord? Onsdag 13. mars blir det Filmundring på Kulturhuset i Suldal der ein blant anna skal samtale om desse store og litt vanskelege spørsmåla. Filmen som blir vist er The Old Oak, her har regissør-giganten Ken Loach levert ein varm film om solidaritet, samhald og hjarterom. The Old Oak er ein spesiell stad. Ikkje berre er det den siste puben som framleis er i drift, det er det einaste gjenværande offentlege rommet der folk kan møtast i det som ein gong var eit blomstrande gruvesamfunn. Etter 30 år med nedgangstider er pubeigaren TJ Ballantyne (Dave Turner) nær ved å gi opp. Og når ei gruppe syriske flyktningar kjem blir stemninga i den vesle byen endå meir betent.
Eit usannsynleg vennskap utviklar seg når TJ blir kjent med ein av dei unge flyktningane, Yara (Ebla Mari). Kan dei saman finne ein måte for dei to miljøa å forstå og nærme seg kvarandre? Filmen set truleg djupe spor i den som set seg i filmsalen denne ettermiddagen, og avstanden er ganske kort frå dette engelske gruvesamfunnet til vårt eige på mange vis. Etter filmen samlar panelet trådane frå filmen, og ser utover i vårt eige samfunn. Korleis handterer me våre utfordringar, og korleis jobbar me for å få til eit best mogleg samspel. Er det enkelt å vere innvandrar eller tilflyttar i Suldal, eller har me elefantar i rommet me treng å snakke meir om?
Programleiar er som alltid Judith Sørhus Litlehamar.
Pris for billett + kaffi og kake:
150,- for vaksne
60,- for deg under 18
Aldersgrense: 12 år (9-11 år i følgje med ein vaksen)
Om filmen:
--
Terningkast 5: "En varm, sterk og human film" - NRK p3
Terningkast 5: "Treffer tiden – og hjertet" - Aftenposten
Terningkast 5: "Rørande og tankevekkande" – Stavanger Aftenblad
Terningkast 5: "Krutsterk" - Klassekampen
Terningkast 4: "Hjertevarm og positiv" - Dagsavisen

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
13/3/2024
, klokka
5:30 pm
Arrangementet slutter:
13/3/2024
, klokka
March
Prisar:
150,-/ 60,-
Arrangementet starter:
13/3/2024
, klokka
5:30 pm
Arrangementet slutter:
13/3/2024
, klokka
8:30 pm
Type arrangement:
Film/kino
Samfunn
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
12
Kontaktperson(ar):
Hanne Mette Birkeland
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.