NB: MERK TIDENE:
kl 18.00: Brunsj opnar
kl 19.00: Kvinnedagsmarkering (Ida Collett Belle - AKKS Stavanger m.fl)
kl 20.30: SYSTERSPEL v/Benedicte Maurseth
Musikalsk vert: Mark Laurenson.
Etter konsertane: Jam, prat og mat!
Inngang heile kvelden kr 300,-
Inngang berre første del kr 100,-
------------------------------------
KVINNEDAGSMARKERING
Ida Collett Belle – AKKS Stavanger: «Likestilling i kultur- og arbeidsliv»
Er feminisme i kulturlivet eit tema for historia? Korleis blir arbeidet for inkludering i arbeidslivet påverka av nye kjønnsperspektiv? Kvar går vegen for mangfald og inkludering vidare? Ida Collett Belle arbeider til dagleg ved AKKS Stavanger som er ein idealistisk musikkorganisasjon som arbeider for likestilling og kjønnsbalanse i norsk musikkliv. Ida vil dela av kunnskapen og erfaringa si med oss. Gjer dykk klare for eit foredrag som vil pirra nysgjerrigheita. I tillegg til å pirra nysgjerrigheita, vil Ida bidra med eit musikalsk innslag for pirra dei musikalske smakslaukane.
Heimefrå får me også bidrag; me får høyra Anne Lise Pedersen lesa dikt, og me får ein appell frå Amnesty.
Dette arrangementet er i regi av og samarbeid med 8. mars-komiteen i Suldal.
---------------------------------------
SYSTERSPEL – OM SPELET SOM VAR, OG SPELET SOM VART BORTE.
Benedicte Maurseth (hardingfele, forteljing, song, komposisjon og manus)
Birk Nygaard (scenografi, lys og videodesign)
Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? «Systerspel» er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om spelekvinner som spelte i bryllaup og til dans, som var blinde og beinlause og som vart både beundra og hindra i å spela. Framsyninga tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny. Maurseth fortel om spelekvinner som spelte fele frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn, det har me alltid trudd, men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde.
Konsertførestillinga er produsert i samarbeid med Osafestivalen og Riksscenen.
Hildegun Riise (regi, manus), Mari Kanstad Johnsen (illustrasjon), Kieran Kolle (video), Rune Døli (grafisk design), Jørgen Træen (lydkollasj)
____________________________
BRUNSJ held ope og serverer fredagsmat og -drikke.
Gratis kaffe!
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
12. april: Sand & Sand + TRADISH (Danmark/Irland)
20. sept: Belg & Boge + REITIR (Åsmund Nordstoga, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Sarah Jane Summers, Juhani Silvola, Morten Kvam)
8. nov: Folkemusikk- og folkedanskavalkade i storskala!!
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj, og i dette høvet, også 8. mars-komiteen i Suldal!