Frå:
23/11/2024
10:00 am
Sand
Til:
21/12/2024
3:00 pm

Juletre i Ryfylke

Ryfylkemuseet si juleutstilling

Har du lurt på kven som pynta det første juletreet i Ryfylke? Dette og meir til får du svar på i denne stemningsfulle utstillinga.

Ryfylkemuseet si juleutstilling «Juletre i Ryfylke» tek deg på ei reise i juletrehistoria til Ryfylke. Utstillinga viser historiske tre frå Ryfylke frå 1874 og fram til 1960-talet, pynta etter skildringar frå dei som opplevde trea.

Var du på utstillinga i fjor er det berre å ta turen innom igjen i år. Det er fleire nye element og tre og sjå på både inne og ute. I år viser me mellom anna eit tre pynta med heimelaga pynt av elevar ved skulen på Nesflaten og som vanleg inviterer me dykk til å bidra med utsmykkinga av eit av trea.

Laurdag 23. november inviterer me til utstillingsopning på Nesasjøhuset. Det vert musikalske innslag ved Åshild Vetrhus, dans rundt juletrea og servering av peparkaker og gløgg.

Utstillinga er open tysdag til laurdag kl. 10-15 fram til og med 21. desember. Velkomen!

Stad:
Sand
/
Nordenden 14
Arrangementet starter:
23/11/2024
, klokka
10:00 am
Arrangementet slutter:
21/12/2024
, klokka
December
Prisar:
Born GRATIS, Vaksen kr. 100
Arrangementet starter:
23/11/2024
, klokka
10:00 am
Arrangementet slutter:
21/12/2024
, klokka
3:00 pm
Type arrangement:
Utstilling
Utstilling
Utstilling
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Ryfylkemuseet
Telefon:
52792950
E-post:
post@ryfylkemuseet.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.