SESONGSTART - FOLK på FREDAG!
Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no
kl 19.00: BRUNSJ opnar
kl 20.00: Songarlaget m/Martin Haug Tieghem
kl 20.30: Nils Økland og Sigbjørn Apeland
Musikalsk vert: Mark Laurenson.
Etter konsertane: Jam, prat og mat!
Inngang kr 300,- (eller kjøp deg årskort!)
-----------
ØKLAND/APELAND
Nils Økland (hardingfele, fele), Sigbjørn Apeland (trøorgel)
Nils Økland og Sigbjørn Apeland har spelt saman i 30 år og har lenge utforska grensesnittet mellom norsk tradisjonsmusikk og improvisasjon. Glimmer, eit usedvanleg vakkert og rørande album, tek utgangspunkt i folkemusikk frå Haugalandet. Sigbjørn Apeland samla sjølv inn ei mengde songar frå lokale tradisjonsberarar, og desse songane dannar grunnlaget for repertoaret på plata, saman med originale komposisjonar. Sistnemnte spenner frå musikk skriven til ein film om Lars Hertervig, den store norske landskapsmålaren på 1800-tallet, til musikk inspirert av den modernistiske komponisten Fartein Valen. Gjennomgåande er Økland og Apeland sitt samspel nydeleg stemningsfullt.
------------------------------------
Songarlaget
Songarlaget med Martin Haug Tieghem som dirigent syng frå sitt rikhaldige reperotar.
____________________________
BRUNSJ held ope og serverer fredagsmat og -drikke.
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
8. mars: 8. mars-feiring v/komiteen + Systerspel m/Benedicte Maurseth
12. april: TBA + Tradish (Danmark/Irland)
20. sept: Belg & Boge + REITIR (Åsmund Nordstoga, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Sarah Jane Summers, Juhani Silvola, Morten Kvam)
8. nov: Folkemusikk- og folkedanskavalkade i storskala!!
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj.