mann under stjernehimmel
Under stjernene © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Topp 10 haustopplevingar i Suldal

LES MEIR
Menneske som flyt nedover elv
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Kom tett på villaksen i den mest vassrike elva på Vestlandet.
LES MEIR
Mann på toppen av fjell
Napen © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Opplev dei høgaste fjelltoppane i Rogaland og sentrumsnære rusleturar
LES MEIR
Dame ved badstova
Ryfylke fjordhotell © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Nyt avslappande timar i badeland, badstove eller stamp tett på naturen
LES MEIR
To personar på vingard
Midtsommar © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Nyt matskattar frå Suldal på gardsbesøk, kafe og ved våre gardsutsal
LES MEIR

Velkommen til Skattkammeret Suldal

Midt mellom Preikestolen og Trolltunga, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke og Discovery Route, finn du Skattkammeret Suldal. Her finn du fleire av dei høgaste toppane i Rogaland, den kjende lakseelva Suldalslågen, vidder der du får landskapet heilt for deg sjølv, ei rekke idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Velkommen!
Finn Suldal på Google kart »
No items found.

Aktivitetsoversikt

Opplevingar og aktivitatar i Suldal

Aktuelt i Suldal

I Suldal kan du besøke langs Noregs største damanlegg, flyta nedover Suldalslågen i tørrdrakt i møte med Salmo Suldal, bli med på omsyning på frukt- og vingard, utforske bortgøymde fjordar, pusta inn frisk fjelluft på ein fjelltopp og læra meir om tradisjonell og moderne arkitektur. Under kan du sjå nokre av våre favorittar!
I Suldal har landbruket lange tradisjonar, og i dag kan du besøke vingard, honninggard og fruktgard hjå oss. Det ligg også ei rekke flotte gardsutsal spreidd utover grendene våre og lokale produkt er spesielt merka på menyane. Me kallar det "Matskattar frå Suldal"!
Suldal set den perfekte ramma for kurs og konferansar. Her kan ein kombinere møter med besøk til lokale matprodusentar, rolege rusleturar, "team building"- aktivitetar på lokale gardar og gode, kortreiste smaksopplevingar!
Med base i Suldal kan du utforske det beste regionen har. å by på! Arkitekturrundturen gir deg ei fantastisk samling av moderne og historiske verk, med hurtigbåten kjem du deg rundt i Ryfylke ut til Stavanger og Preikestolen og Trolltunga ligg på kvar si side av deg!
Det er ikkje langt mellom dei gode opplevingane for born og unge i Suldal. Ein kan dusja i ein foss, leggja ut i båt på jakt etter fisk, utfordra familien i bowling og kle seg ut som konge og dronning til forteljinga om Kvitebjørnen før ein dansar i speglsalen.

Mosvatnet LIVE

Del dine opplevingar på #visitsuldal

Ryfylke fjordhotell © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Suldal i Ryfylke

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.